Det har i fleire år vore klart at steinmoloen søkk, eller at høg flo blir høgare. Dette betyr at ofte har dei som har båt i steinmoloen blitt våte  på beina for å komma seg ombord. Når det samtidig blei klart at innfestinga og dei gamle utliggarane blei dårlege var det duka for ei storvøla! 2022 var året det skulle skje! Vi kunne ikkje løfte heile vandringa, det ville føre til meir sig p.g.a vekta, så derfor blei det forskala og støypt ein "tarm" til å gå på langs heile vandringa. Den gamle innfestinga til utliggerane -OG- utliggerane blei fjerna. Nokre utliggarar er selde, nokre er framleis for sal (kontakt Havnesjefen), og så blei nye innkjøpt.

Her blir det støypt i den siste delen av forskalinga. Forskalinga er laga på dugnad. Så er den nye "vandringa" klar til bruk. Her ser du óg at Brødrene Musland er i gang med sitt arbeid med avløpet for vegvatn gjennom området. Nå er vi i oktober 2022.
Her heiser vi (Kjell Inge) på plass dei nye utliggarane.