Vi reknar vanlegvis med at alle medlemmene kvart år bidrar med 5 timar dugnad. Dette kan vera i samband med aktivitetar/tilstellingar for å få inn litt pengar, eller rett og slett vedlikehald av anlegget.

Det har og vore slik at dei som ikkje kan/vil utføre dugnaden har kunna betala seg fri. Dette har kosta kr. 100.- pr time og har vel kanskje vore litt for lett å "ty til", slik at vårdugnadane (starten av mai) har til tider vore lite befolka! (Ein kan forøvrig gjera dugnad når det passar - og veit kva som kan gjerast - berre ein huskar å melda frå!!!!!!)

Denne dugnadsbetalinga er nå auka til kr. 300,- pr. time.     OBS: 300 kroner, fekk du det??

OBS! Ønskjer du å utføre dugnad, eller du er sett opp på lista og det ikkje passar, så ta kontakt med Olav Hilmar Koløy på tlf.:911 58 829

Viss ikkje anna blir avtalt så må du sjølv syta for at dine dugnadstimar vert meldt inn til Kjell Helge Eide på e-post:

KHE@Statoil.com eller på tlf: 906 75 928

 NB: Første dugnad for våren 2017 er 6. mai.

17.april. Til tross for både regn og aske kom nokre trauste
sjeler og gjorde dugnad. Vi får håpe på betre tilhøve neste gong.
Frå flytebrygga 24/4-2010 - - Og det fekk vi etter kvart. Mange var opptatt med kai og boder, og nokre rydda gras og busker.
Dette var vårdugnadane for denne gong. Nå er det opp til kvar enkelt å finna seg både tid og høveleg arbeid for å fylle opp dei 5 timane som høyrer til kvart år, (det er og lov å ha rikeleg - noko å flyta på ein annan gong).
"Bodfolket" - vil ha sin eigen dugnad i tillegg til den vanlege, det vil i store trekk vera å gjera klar til støyping av plate og skiljeveggar, og, når den tid kjem, neste sett.
   Elles er det klart for meir dekke på trekaien, og det skal og gjerast ferdig ein forbindelse til berget innerst inne.
   Pass berre på og skaff deg timar nok!!