Gjesteinfo

Vi er svært glad for å ha gjestebåtar i hamna vår, og prøver å leggja til rette slik at dei ligg trygt. Som biletet viser har vi plass til 2/3 større båtar heilt ute i steinkaien, og nokre båtar heilt inne. Ved spesielle arrangement (festival/konsertar) ryddar vi til og med vekk nokre av våre eigne båtar for å gje plass i båsane. Då vil du og få hjelp til plassering. Til vanleg er derimot alle våre plassar i bruk, og vi bed deg derfor nytta gjesteplassane.

Prisar:    Pr. døgn med/utan straum : Kr. 150.-   
Spesialarrangement (Festivalveka t.d.) pr.døgn :
Kr. 200.- inkl. straum.
 (Kjem du torsdag og seier du vil bli til søndag i Festivalveka kan du kjøpa deg plass for kr. 500.- for heile perioden.)

I festivalveka rekna vi med at vaktene sel billettar.

Legg elles pengane i dei to aluminiumskassane som er montert på kvar sin lyktestolpe - ein inne og ein ute i moloen.

Takk skal du ha!!