Sæbøvik Båtlag blei oppretta i 1976 i den hensikt å laga ei båthamn i eit sentralt område plaga av sønnavind og lite skjerming. Noko område blei innkjøpt og noko bygsla og vi gjekk i gang med å laga ein lang steinmolo.
Dette viste seg å ikkje vera så enkelt, så det gjekk svært mykje steinmassar med, før me kunne gå i gang med bygging av flytebrygger. Mudring måtte og til, ettersom steinmassane pressa evjebotnen innanfor opp.
Nå hadde vi plass til dei då ca. 70 medlemmene sine båtar, og i tillegg nokre gjestebåtar heilt ytterst, og heilt innerst i moloen. Steinmoloen har vi måtta laga høgare vandring på allereie to gonger, så litt siging er nok stadig på gong! Dei tidlegare omtalte ca. 70 medlemmer er nå blitt ca. 100!
Innerst inne, ved gjestebrygga, har vi laga ein trekai for å komme klar av nokre stygge steinar. Etter kvart blei dei gamle, sjølvproduserte flytebryggene skifta ut (sjå Prosjekt-flytebrygger) og vi kunne auka talet på  båtplassar.

Arbeidet med "plan/prosjekt" er nå kommet så langt at vi har ny kai langs den tidlegare så evjete stranda, og her har komme 20 boder for reidskap til nokre av medlemmene. Det er og lagt ut nokre utliggarar som sikrar oss plass til  10 mindre båtar.

"Duen"-naustet har stadig litt framgang. Der er ein nå komme så langt at det er tid for "fasilitetar"!

Siste prosjekt utført er mudringa i begge innløpa og vi er komne fram til 2019