Prosjekt nye flytebrygger:

August/September 07:

Vi har, etter mykje om og men, bestemt oss for å gå ut til ulike leverandørar og henta inn tilbud på ny, tidsmessig løysing for flytebryggene. Vi tek sikte på å få enten betongbrygger eller metall med plastpontongar. Utliggarar med tredekke. Vi kan kanskje på denne måten utvide lengda på flytebrygga med nokre få meter, men samtidig, dersom vi får trinnlaust regulerbare utliggarar, kanskje knipa inn litt på båsbredda mot landsida. Dette kan, dersom vi helst plasserer dei minste båtane her, gje nokre nye båtplassar. På denne måten vil vi kunne selja fleir båtplassar og ta unna litt av køen som vil kjøpa.
. . . . . . . . . .

Ekstraordinært årsmøte har gitt oss løyve til å ta opp lån, og vi har satsa på nye metall/tre-brygger/utliggarar frå Småbåthavner A/S. Idag, 20.okt er første trinn unnagjort: dei gamle er fjerna (nokre er selde, andre for sal), båtane er plasserte rundtom og dei nye er ventande, truleg tysdag og onsdag.

 Trinn 1. Dei gamle forsvinn... Trinn 2: Dei nye kjem... og vert sjøsett. . .
flyt fint . . . så er landgangen på plass, resten kjem etter kvart. . . Sjå der ja, resten kjem i morgon. . . godt arbeid!!