Prosjektet Duen-naustet.
Dette
naustprosjektet starta eigentleg med ein gammal notbåt. Den tidlegare førings-
og kyrkjebåten Duen vart forsøkt teken vare på av eit interesselag.
Det var ein staseleg 27 fots båt, bygd i Sørfjorden ein gong mellom 1850 og
1880. Det viste seg at arbeidet med restaurering og vedlikehald var meir
omfattande enn stiftinga greidde med, og båten vart overført til andre.
I mellomtida, ca 1998, vart det starta bygging av eit naust til båten, etter modell av gamalt grindnaust. Her er det snakk om gamal byggeskikk utan spiker. Dette naustet blei etter kvart plassert inst i båthamna. I 2013 kosta båtlaget shingel på taket med tanke på at naustet etter kvart skal bli tett og brukande til lager og opphald.
![]() |
Her
er Geir inne i naustet og grev ut for drenering og støtte av steinane i
bakkanten. Dei ligg på blåleir og det er ikkje stabilt. |
![]() |
![]() Her er det gjort klar for støyping av støttekant mot bakmuren. Samtidig er det drenert ut. |
![]() |
![]() Så har bakveggen fått ei solid støtte og ein er klar til å støypa i bakre delen av langveggene. Dette blir bra. |
![]() |
![]() |
Haldor er igang på "loftet", der vil vi få eit låsbart lagerrom. Kanskje tilogmed eit lite møtelokale slik at vi slepp å leiga oss inn hos andre for styremøter og slikt. | |
![]() |